Årsmøtet NFU Hordaland fylkeslag er kritisk til ekspertgruppens forslag

Fylkesstyret i NFU Hordaland

Årsmøtet i NFU Hordaland kom med en svært kritisk uttalelse til forslagene fra ekspertgruppen for særskilt tilpasset opplæring. Årsmøtet vil ikke svekke elevenes rettsikkerhet ved å fjerne retten til spesialundervisning. Årsmøtet savner også tiltak for å styrke styringssystemene på spesialundervisningsfeltet.

UTTALE FRÅ ÅRSMØTE NFU HORDALAND

Vi ser med uro på Ekspertutvalet med Thomas Nordahl i spissen sin rapport om inkluderande fellesskap for barn og unge der dei mellom anna føreslår å ta vekk retten til spesialundervisning etter §5.1 i Opplæringslova. Rapporten blei lagt fram onsdag 4.april.

Sjølv om det er heva over ein kvar tvil at organiseringa av spesialundervisninga har vore kritikkverdig og derfor måtte under lupa, er det likevel inga løysing å fjerna retten til spesialundervisning. Dette er eit dramatisk framlegg som manglar fornuftig forankring, slik vi i NFU ser det.

Hovudutfordringane med spesialundervisninga slik den har vore organisert fram til i dag, og slik rapporten også skildrar det, har i hovudtrekk vore mangel på kvalifisert undervisningspersonale, faglege mål og forventningar, og mangel på tilpassa læreverk til denne elevgruppa. I tillegg har det i all for stor grad vore ein ekskluderande praksis på mange skular og barnehagar. Dette er kort oppsummert utfordringsbiletet innanfor feltet i dag. Dette er også understreka i NOU 2016/17 På lik linje, og i Barneombodet sin rapport «Uten mål og mening.»

Desse utfordringane løyser ein ikkje ved å ta bort ein lovfesta rett til spesialundervisning, noko som i særleg grad vil ramma dei aller svakaste gruppene av barn og ungdom. Korleis dette kan bidra til å betra spesialundervisninga og vera inkluderingsfremjande, er eit paradoks og vanskeleg å fatte. Det er som å ta vekk likestillingslova å tru at det vil betra likestillinga.

Rapporten peikar heller ikkje på statlege myndigheiter sitt ansvar for eit styringssystem som skal ivareta desse gruppene av barn, som til no har vore handsama noko stemoderleg. Fokuset til Ekspertgruppa er ikkje retta mot systema, men mot den einskilde eleven/barnet og deira personlege utfordringar, noko dei forenkla meiner kan løysast med mindre kurs, tidleg innsats, større vaksentettleik m.m.

Systema ser derfor ut til å bli som før, medan eit slags retteleiarkorps frå PPT og Statped skal flyttast nærare skular og barnehagar, men framleis ikkje vera ein del av skulen/barnehagen sitt indre liv der læringa og utviklinga hos barna skal skje. Utvalet ser heller ikkje ut til å ta på alvor at spesialpedagogikk er eit eige fag med mange ulike pedagogiske verktøy og metodar, tilpassa det enkelte barn sin diagnose, eller lærevanske.

Det er sjølvsagt av det gode at kompetansen skal flyttast nærare barnet og byråkratiet byggast ned, men rettigheiter er og blir eit viktig og nødvendig sikringsnett i sær for elevar/barn med dei største funksjonsnedsetjingane.
Ekspertutvalet har stor tiltru til kommunane sin kompetanse med omsyn til å fordela midlar til dei som treng det mest når dei vil ta bort retten etter §5.1 i Opplæringslova.

Det er utfordrande for mange å få nok ressursar til eit tilfredsstillande læringsutbytte slik det er i dag. Kva skjer når kommunebudsjetta ikkje strekk til og ein ikkje treng å ta omsyn til lovmessige krav? På kva måte skal ein få tak i alle spesialpedagogane/lærarane når det er lærarmangel i dag, og korleis skal det bli nå når ein ikkje har vedtak om spesialundervisning som ein kan påklage? Vi kjenner godt svara..

NFU Hordaland er ueinig i at retten til spesialundervisning bør takast bort som eit verkemiddel for å betra spesialundervisninga og få til inkludering av barn med spesielle behov. Dette er føreslått i rapporten»: Inkluderende fellesskap for barn- og unge» som vart lagt fram 4.april 2018.

NFU Hordaland ber NFU sentralt om å arbeida intensivt med å sikra at retten etter §5.1 i Opplæringslova blir ståande uendra.

Forbundsleder i Norsk Forbund for Utviklingshemmede.

3 kommentarer til «Årsmøtet NFU Hordaland fylkeslag er kritisk til ekspertgruppens forslag»

  1. Jeg er overrasket over at NFU er i mot fjerning av spesialundervisning for jeg trodde dere var i mot segregering.

  2. Nfu er svært opptatt av at alle elever, også de med nedsatt funksjonsevne, skal være inkludert i klassen, men likevel få et pedagogisk tilbud som gir tilfredsstillende læringsutbytte. Dersom undervisningen ikke lar seg gjennomføre utelukkende i klasserommet, må man i tillegg gi undervisning en til en, eller i mindre gruppe. Hele tiden til barnets beste. Når det gjelder å bevare RETTEN til spesialundervisning, er den et viktig sikkerhetsnett for å sikre at barnet får ressurser til spesialundervisning. Det betyr absolutt ikke at man skal segregeres av den grunn!

    1. Inkludering er noe som må skje frivillig og når det er fornuftig.
      Dessuten legger jeg merke til at kritikken til stadighet rettes til feil adressat.
      Kan det henge sammen med at ikke leser mandatet fra regjeringen?

Det er stengt for kommentarer.