Retten til spesialundervisning er trua

Sølvi Nygård

Når forsking syner at spesialundervisninga og den spesialpedagogiske hjelpa ikkje er god nok, er ikkje løysinga å avvikle den individuelle retten til spesialundervisning, men å rette opp i dei forholda som ligg bak eit slikt resultat, skriv Sølvi Nygård.

 

 

 

Av Sølvi Nygård, vernepleiar og mor

Ekspertgruppa for barn og unge med behov for særskilt tilrettelegging, viser til dokumentasjon gjennom eige arbeid og omfattande forsking, at dagens spesialpedagogiske system ikkje fungerer som tenkt.

  • Innhald og organisering av spesialundervisninga og den spesialpedagogiske hjelpa er ikkje god nok
  • Kompetansen hjå dei som gjennomfører spesialundervisninga og den spesialpedagogiske hjelpa er ofte låg.

Ekspertgruppa skriv at det må etablerast eit heilskapleg og inkluderande pedagogisk og spesialpedagogisk system, der hensikta er å sikre at alle barn og unge med behov for særskilt tilrettelegging får ei opplæring som sikrar at deira potensiale for læring blir realisert.

Mål om inkludering er allereie gjeldande og nedfelt i lov. Det er og allereie eit mål at alle skal få individuelt tilpassa opplæring, som sikrar at elevane sitt potensiale for læring blir realisert. Ingen kan vere ueinig i at hjelp og støtte lyt setjast inn så tidleg som mogeleg. Ein kan og slutte seg til at ein lyt ha eit fleksibelt støttesystem og at alle barn i barnehagen og elevar i skulen skal møte lærarar med høg pedagogisk og/eller spesialpedagogisk kompetanse.

Det nye her er at ekspertgruppa foreslår å avvikle oppdeling i vanleg undervisning og spesialundervisning i skulen og spesialpedagogisk hjelp i barnehagen. Dette er eit organisatorisk tiltak, som vil føre til at ei individuell tilpassa opplæring vert avgrensa.

Det er eit paradoks når ekspertgruppa på den eine sida ønskjer ei fleksibel støtteteneste og tiltak som skal sikre læring for barn og unge med behov for særskilt tilrettelegging, samtidig som dei vil avvikle spesialundervisninga og styre all opplæring inn i gitte rammer.

Ekspertutvalet sitt framlegg vil dreie fokus frå ei individorientert til ei meir systemorientert tilnærming. Ekspertutvalet skriv rett fram at den pedagogiske praksisen skal vere eit mål i seg sjølv.

Når ekspertutvalet vil fjerne den individuelle retten til spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp, samt fjerne PP-tenesta, gjer dei kvardagen i barnehagen og på skulen utrygg for barn og unge med ulike funksjonsnedsettingar. PP-tenesta skal bidra til å greie ut det einskilde barnet sine individuelle føresetnader og behov, og gjennom vedtak, sikre at opplæringa vert individuelt tilpassa. I vedtaka vert innhald og omfang spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp konkretisert. Foreldre veit kva dei kan forvente frå barnehagen og skulen si side. Vedtak om spesialundervisning bidrar til å ivareta den einskilde elev sin rettstryggleik.

Utvalet skriv at barn og unge med behov for spesiell tilrettelegging må sikrast rett til naudsynte kompensatoriske tiltak, og forklarer at dette handlar om å sikre den einskilde si deltaking i undervisninga og det pedagogiske arbeidet. Tiltaka skal sikre likeverdige moglegheiter for å realisere potensialet for læring.

Likeverdig, inkluderande og tilpassa opplæring er overordna prinsipp i skulen. Det betyr at opplæringa må være tilgjengeleg for alle, og at alle skal få gode moglegheiter for læring, meistring og utvikling. Elevar har ulike behov og føresetnader. Et likt tilbod til alle gje ikkje eit likeverdig tilbod. For å gje et likeverdig tilbod, må opplæringa vere variert og differensiert.

Eit variert og differensiert tilbod kan for einskilde elevar ivaretakast saman med medelevar innanfor skulen sine ordinære rammer. Andre kan ha behov for spesialundervisning og opplæring i eit meir avgrensa miljø, eller heilt åleine med lærar. Ikkje alle er tente med å delta i den ordinære undervisninga, sjølv om det blir sett inn ekstra ressurs i klassen. Elevar er ulike og nokon har lettare for å tiltrekke seg merksemd, enn andre. Den ekstra ressursen kan lett bli opptatt med andre elevar enn dei elevane ressursen i utgangspunktet var meint for. Elevar med t.d. konsentrasjonsvanskar, multifunksjonshemming og kognitiv funksjonsnedsetting kan ha behov for eit roleg og avgrensa miljø, for at deira behov og potensiale for læring skal bli ivaretatt. Skulen lyt legge til rette for ulike læringsmiljø, som er tilpassa elevane sine individuelle behov, i staden for ein systemorientert praksis, slik ekspertgruppa foreslår.

Eigne erfaringar

Eg har ei dotter som har dysleksi, som hadde behov for spesialundervisning då ho gjekk på barne- og ungdomsskulen. Tiltaka blei satt inn seint. Første gong me ga uttrykk for bekymring, var våren då ho gjekk i tredje klasse. Skulen signaliserte at det var ingen grunn til uro. Hausten i fjerde klasse ga me uttrykk for at me ønska at PPT blei kontakta. Me fekk som svar at skulen hadde sett inn tiltak og me kunne ikkje forvente noko vidare frå PPT. Igjen aksepterte me tilbakemeldingane frå skulen, men følte oss etter kvart svært utilpass.

Under foreldresamtalen våren då ho gjekk i fjerde klasse, sto me meir på for å få skulen til å sende tilvising til PPT. På hausten i femte klasse fekk ho endeleg ei utgreiing hjå PPT. Den sakkunnige der utarbeidde to ulike tilrådingar. Kva for eit som skulle gjelde, differensiert undervisning innanfor skulen sine ordinære rammer eller spesialundervisning etter § 5, var avhengig av kva skulen kunne bidra med i høve til oppfølging. Ettersom skulen meinte dei skulle kunne gje dotter mi den hjelpa ho trong innanfor skulen sine ordinære rammer, blei det resultatet. Etter eit halvt år måtte eg ta kontakt med PPT. – Eg var fortvila, for eg kunne ikkje sjå at dotter mi fekk den hjelpa ho hadde behov for. PPT reviderte då den sakkunnige rapporten og la fram den andre tilrådinga, som innebar spesialundervisning etter §5. PPT tilrådde 7 timar pr. veke, – ho blei tildelt 5 timar. Dette klaga me på og fekk medhald hjå Statens utdanningskontor.

Timane med spesialundervisning blei brukt på ulike måtar; einetimar med lærar, timar i gruppe, tilrettelagt undervisning i klassen og «kurs». Innhald, omfang og organisering blei nærare skildra gjennom individuelt tilpassa opplæringsplan og halvårsrapportar. Spesialundervisninga heldt fram i ungdomsskulen, men då med 5 timar i veka, organisert i ei lita gruppe. Timane blei m.a. nytta til systematisk trening i lesing og skriving (norsk og engelsk), arbeid med data og tekstbehandling, og rettleiing i studieteknikkar. Spesialundervisninga ho fekk den gongen har ho hatt stor nytte av. Ho tok først fagbrev og jobba i nokre år. No har ho, etter tolmodig innsats, oppnådd realfagkompetanse og søker seg inn på eit sivilingeniørstudie til hausten. Ho meiner sjølv at ho aldri hadde kome dit ho er i dag, utan timane med spesialundervisning. – Ho hadde gitt opp.

Dotter mi er av dei som kan hende ikkje hadde blitt tildelt spesialundervisning i dag. Etter som eg har forstått, har vilkåra blitt endra. Når eg ser på kva utbytte ho hadde av timane sine, er eg glad for hjelpa ho fekk frå PPT, glad for dei sakkunnige vurderingane, tiltaka som blei sett inn i skulen og glad for at me hadde sakkunnig vurdering og vedtak å vise til, då me opplevde at ho ikkje fekk den hjelpa ho trong. Me hadde noko konkret å vise til og me hadde ein instans som behandla klagen vår. Elevar sin rettstryggleik vil bli svekka om ein fjernar retten til spesialundervisning. Eg er redd dei med størst behov for tilrettelegging vil komme dårlegast ut, når ressursane ikkje strekk til.

Retten til spesialundervisning bør halde fram

Retten til spesialundervisning bør etter mitt syn halde fram, men med endringar i måten opplæringa vert gjennomført. Elevar med vedtak om spesialundervisning erfarer å måtte dele på timane sine med andre elevar utan vedtak, men som også har behov for særskild tilrettelegging. Skular organiserer undervisning i grupper, for å utnytte ressursane optimalt. Grupper sett saman av elevar med svært ulike behov. Når forsking syner at spesialundervisninga og den spesialpedagogiske hjelpa ikkje er god nok, er ikkje løysinga å avvikle den individuelle retten til spesialundervisning, men å rette opp i dei forholda som ligg bak eit slikt resultat.

Forbundsleder i Norsk Forbund for Utviklingshemmede.

Én kommentar til «Retten til spesialundervisning er trua»

  1. At systemer settes foran individer må jo være helt perfekt for dere i NFU for der vi har ønsket har dere sverget til systemer og byråkrati.

Det er stengt for kommentarer.